Vestfold og verdensarven - FRED  NEDRUSTNING, KLIMABALANSE, HISTORIE i DELE / GAVEØKONOMIEN
Sandefjord og Sandar Mållag fyller 110 år den 23. april 2017. Vi gratulerer.


Under følger talen ved hundreårsjubileet.
 
Sandefjord og Sandar Mållag 100 år

Håvard Tangen, juni 2007.
 
Gode mållagsvener!
 
Me er samla her for å jubilera i det lengstlevande mållaget ved Oslofjorden. Sandefjord og Sandeherad Mållag vart skipa 23. april 1907. 55 personar melde seg inn på sjølve skipingsmøtet. I fylka på Søraustlandet er berre Bondeungdomslaget i Oslo, som både er mållag og ungdomslag, og Det Norske Samlaget, som i hovudsaka er eit forlag, eldre. Me medlemene i laget skal vera byrge av at laget finst, og lagsstyret skal ha all ære av denne jubileumsstemna og dei andre tilskipingane som er haldne og skal haldast dette året.
 
Kvifor mållag i Vestfold i 1907? Jau, lokallaget vårt vart ikkje skipa eit vakum. Det var sterke straumdrag i samtida som låg bak. Målrørsla var inne i ei vokstertid: Noregs Mållag var skipa året før . Det møtte ni vestfoldingar på skipingsmøtet i 1906. Vestfoldlaget, eit fylkeslag, var skipa i 1899.  Det var etter kvart tydeleg at Sandefjord og ikkje minst Sandar var kraftsenteret for målreisinga i Vestfold. 5-6 lokallag kom på føtene elles i fylket, men dei fleste hadde utspring i Sandefjord og Sandar Mållag. Målkravet var kjenneleg og markert for hundre år sidan. Det andre målet, det almindelige skrift- og bogsprog, riksmål eller norsk-dansk som det kunde kallast, stod den gongen svært nær dansk. Dei fremste norske forfattarane gav ut bøkene sine på danske forlag. Og ikkje minst førde unionsoppløysinga i 1905 til at ein sterk nasjonal vind gjekk over landet. Det norske og nasjonale stod høgt i kurs. Fyrste helvta av 1900-talet var ein samanhangande voksterbolk for målsaka og nynorsken. På det meste hadde nynorsken ein tridjepart av landet rekna etter skulekrinsar. Ingen skulekrinsar i Vestfold gjekk over til nynorsk, men målrørsla hadde òg her i fylket framgang. Kaffistover kom i stand, og mållagsmedlemer og sympatisørar samla seg til sumarstemner, studiekveldar, leikarring og hyttedugnad. I mellomkrigsåra hadde Sandefjord og Sandar Mållag eiga hytte, Veløy, på Vesterøya. Mållagsarbeid var folkeopplysning – store føredragshaldarar gjesta laget og fortalde om samtidige og historiske emne: Halvdan Koht, Olav Midttun, Anders Hovden, Bernt Støylen, Gustav Indrebø, Kjell Bondevik, Olav Dalgard og mange fleire. Haustfestane var namngjetne: ”De har så fint program og så god kaffistovemat at en må gå selv om en ikke er med i mållaget,” sa ei frue då ho kom og betala inngangspengar.
 
Føremålet til laget som vart skipa i 1907, var å få det norske målet inn i skulen og kyrkja, spreida norske blad og bøker, læra folk på grunnlag av bygdemåla å bruka det norske landsmålet i skrift og tale og få det til å vyrda og verna om det dei eig av norske ord, vendingar, segner, gamle dikt o.s.b. Årspengane var ei krone.
 
Høgdepunkt i lagssoga har vore store sumarstemner, ofte i samarbeid med fylkeslaget Vestfoldlaget. Den fyrste stemna gjekk føre seg i 1911, med taler av m.a. folkehøgskulemannen Lars Eskeland og Marius Hægstad, målprofessoren. Det vart underskot på stemna, men styret tok det inn att med utlodding av frukt og grønsaker i ettertid. Ei anna stor høgtid var minnefesten på Gokstadhaugen i 1929, der kong Håkon var til stades. Ein annan konge, Olav Geirstad-alv, vart hauglagd på nytt.  Diktet Gokstadhaugen av Lars Hørven vart lese opp, og Lars Os helsa frå Vestfoldlaget. Leikarringen var òg med. Ei anna sumarstemne i 1976 kunne gje minningar frå gamledagar då Sandefjord og Sandar Mållag i samarbeid med Norsk Målungdom ved lærarskulen på Eik skipa til seminar om vestfolddialekten i Andebu og Høyjord.  Dialektprøver vart gjevne av Arne Gallis, Anders Steinsholt og Ragnhild Paulsen, alle tre framståande kjennarar av vestfoldmålet på 1900-talet. Ragnhild Paulsen frå Nøtterøy gav i 1981 ut ei stor ordbok med ordtilfang frå Nøtterøy, med eit raust tilskot frå Sandefjord og Sandar Mållag.
 
Fyrste formannen i laget var Lars Hørven. Portrettet hans hekk i lagssalen i Rådhusgata 9. Hørven var ein ruvande hovding. Lærar frå Skjåk, vinstremann, fråhaldsmann og målmann. Ein føregangsmann for studiearbeidet i heile Noreg; han fekk Kongens fortenestemedalje for dette. Mållaget kosta eit monument på grava hans etter han døydde i 1949. Det var mange lærarar og bønder med i laget. I Sandar var alle ordførarane i ein trettiårsbolk frå 1898 til 1928 med i mållaget. Kvar kom medlemene frå? Jau, dei var både innflyttarar og innfødde. Vestlendingar og døler som hadde viljekraft til å halda fast til å halda på morsmålet sitt frå der dei kom, og vestfoldingar som gjekk kveldskurs i regi av mållaget for å læra seg nynorsk i mogne år. Ein av dei sistnemnde var lensmann Fredrik Enge, som i unge år gjekk på Vonheim folkehøgskule og høyrde Christoffer Bruun. Laget talde sume av toppane i samfunnet mellom medlemene sine, men òg folk mellom dei breide samfunnslaga, som Lars Heimtun, diktar og sjømann, som var med og skipa socialdemokratisk foreining i Sandefjord, og Ola K. Unneberg, sjømann og salmediktar. Lars Os, lærar og historikar, var ei eldsjel i laget i lange tider – han fekk Sandar kommunes kulturpris. Os er òg den som har skrive lagshistoria, eit manuskript på meir enn 300 sider. Bonden og felemakaren Leif Hunskaar sat i styret for laget ved 75-årsleitet – han hadde fyrste gongen sete i styret i 1928, 54 år tidlegare. Det var Hunskaar og Henrik Eikaas som fekk i stand det fyrste legatet, som seinare har stige til alt nye høgder. Og i mange år var Arne Ystad, ein av to nolevande heidersmedlemer i mållaget, skrivar i laget. Den støe og greie handskrifta hans står å lesa side opp og side ned i møtebøkene til laget. Måldynastiet Ystad tel fleire generasjonar målfolk – sonen Vidar er nynorsk-skrivande korrespondent for BT i Oslo. Sigmund Birkeland, den andre heidersmedlemen, gjorde eit stort arbeid i Rådhusgata, ein gladvær og romsleg sørlending som styrde laget på beste måte fram til 2004.
 
Målrørsla har mange hovdingar å minnast. Ei gruppe som òg bør minnast, er alle kvinnene som drog i trådane bak, ikkje minst i styrarane på kaffistovene. På kaffistova var det alltid ei kvinne som styrde, frå pinse 1914 til 1968: Anna Solheim frå Sunnfjord, Kristiane Grevle frå Brunlanes, Margit Rui frå Seljord, Margareth Nilsen, Kari Svalastoga frå Flatdal, Signe Svalastoga frå Flatdal og Ingeborg Lien frå Sandar. Som Lars Os sa: Ei interessert og flink styrarinne var gull verd for Mållaget.
 
Kva er stoda til nynorsken i dag? Ja, han kan vera både mørk og ljos. Det mørke og negative er at han er mykje veikare i skulen enn i 1950, han taper nokre få skulekrinsar år om anna, det er for få nynorske debutantar innanfor litteraturen, det offentlege oppfyller ikkje krava i mållova og det er utbreidd skepsis mot nynorsk sidemål i skulen. Den ljose sida er at nynorsken trass alt har vunne seg eit visst rom i det norske samfunnet. Fedrelandssalmen er på nynorsk, som mange andre salmar. Sume av dei fremste radio- og fjernsynsrøystene er nynorske, Ingvild Bryn, Kari Sørbø, Bjørn Bø og Egil Johan Ree. Det Norske Teatret dreg fulle hus på dei beste framsyningane sine. Namngjetne forfattarar som Kjartan Fløgstad, Edvard Hoem, Brit Bildøen og Olaug Nilsen skriv alltid på nynorsk. Riksavisene våre opnar normalt ikkje spaltene sine for nynorsk, men alle stør opp om obligatorisk nynorsk sidemål i skulen. Målfolket tapte striden om Nidaros-namnet i 1930, men dei fleste andre nye stadnamna som vart innførde, står urikkelege: Oslo, Stavern, Halden, Vestfold fylke og Tunsberg bispedøme. Skuleflinke innvandrarungdomar frå Holmlia i Oslo og Drammen står fram og er mindre fordomsfulle mot nynorsk enn norsk ungdom flest. Det er skjer i sjøen, ja visst. Ei indre oppløysing og utvatning av nynorsken, der ordtilfang og grammatikk vert rådlaust å læra. Ei aukande urbanisering som undergrev dei distrikta der nynorsken står sterkast. Ei likesæle til norsk tradisjon og målarv som må vika for ein flat og kommersiell forbrukarkultur utan røter og heimkjensle. Målsaka handlar om det heimlege, kjærleiken til det nedervde og overleverte, viljen til sjølvhevding og realisering av det individet og kollektivet eig saman, draumen om å auka det menneskelege med eit indre kulturelt landnåm.
 
Eg rundar av med dei manande orda til Ivar Aasen frå diktet Haralds-haugen, siste verset:
 
Fram, daa Frendar,
I fredlege Kappstig!
Rette det, som rengt er,
Reise det, som velt er;
Byggje og bøte
Med Bot som duger;
Gjere Verk, som vara,
Til Verdi øydest.


Website Builder drives av  Vistaprint